Gå til navigasjon Gå til innhold

DFØ har fått nye nettsider. Gå til nye dfo.no

Åpne relatert ...

Lukke relatert ...

Organisasjon og leiing

Direktoratet for økonomistyring (DFØ) er organisert for å vareta statens behov for ei heilskapleg tilnærming til økonomistyring i statlege verksemder.

Nøkkeltal

  • 400 tilsette
  • Lønns- og/eller rekneskapstenester til rundt 83 prosent av alle statlege verksemder
  • Lønnsutbetalingar til 79 000 statleg tilsette, 90 000 honorarlønnede og 31 000 timelønnede
  • 44 615 944 057 (44,6 mrd.) kr utbetalt i lønns- og reiseutbetalinger i 2015
  • 781 000 behandla fakturaer
  • 65 millionar transaksjonar gjennom statens konsernkontoordning
  • 227 statlege verksemder innrapporterte til statsrekneskapen 

DFØ er organisert i fem avdelingar:

  • Lønnsavdelinga
  • Rekneskapsavdelinga
  • Forvaltings- og analyseavdelinga
  • Strategi- og fellestjenesteavdelingen
  • Kommunikasjonsenheten

Avdelingane er lokaliserte med ei sentraleining i Oslo og kontorstader i Stavanger og Trondheim.

Kontorstadene leverer lønns- og rekneskapstenester til statlege verksemder.

Sentraleininga i Oslo tek seg av administrative oppgåver, systemtenester, produktutvikling og forvaltingsoppgåver.



Organisasjonskart

 

Klikk på organisasjonskartet over for en større versjon. 


Leiargruppa i DFØ 

 

Hilde Sinsaas, direktør

Hilde Singsaas, direktør

Som direktør er ho mellom anna kontaktpersonen for DFØ mot Finansdepartementet. I leiargruppa hennar er det fem avdelingsdirektørar. Ho er utdanna statsviter, og har i tillegg ein bachelorgrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Oslo. Tidligere har ho vore direktør i arbeidsgiverforeningen Spekter, samt kommunikasjonsdirektør i Norges Bank, statssekretær ved Statsministerens kontor og i Finansdepartementet.

 

 

Gøril Aune

Gøril Aune, avdelingsdirektør i regnskapsavdelinga

Som direktør for rekneskapsavdelinga er ho ansvarleg for å levere rekneskapstenester til omlag 140 statlege verksemder.

 

Rune Bjerkås

Rune Bjerkås, avdelingsdirektør i strategi- og fellestjenesteavdelingen

Bjerkås kom til DFØ i august 2013 frå Deloitte Consulting. Han har òg lang erfaring som leiar i Forsvaret. Bjerkås skal vere drivkraft i strategiutvikling, leggje til rette for strategisk styring av DFØ og leie den dagelege støtta til direktøren.

Bjerkås har sivil og militær utdanning på masternivå innan leiing og strategi.

 

 

Roger Bjerke, avdelingsdirektør i forvaltnings og analyseavdelinga

Som direktør for forvaltings- og analyseavdelinga har han mellom anna ansvaret for å forvalte  økonomiregelverket i staten, statens konsernkontoordning, statsrekneskapen og utredningsinstruksen..

 

Ruth Høyland Jønsrud

Ruth Høyland Jønsrud,
kommunikasjonsdirektør

Kommunikasjonseininga i DFØ har ansvar for ekstern- og internkommunikasjon, kunde- og marknadskommunikasjon, formidling og e-læring, nettsider og CRM.

 

Bjørn Sæstad

Bjørn Sæstad, avdelingsdirektør i lønnsavdelinga

Sæstad har lang erfaring som leiar, og han kom til DFØ frå stillinga som assisterande fylkesdirektør i NAV Rogaland. Direktøren for lønnsavdelinga har ansvaret for å levere lønnstenester til 178 (tal frå 2011) statlege verksemder.