Gå til navigasjon Gå til innhold

DFØ har fått nye nettsider. Gå til nye dfo.no

Åpne relatert ...

Lukke relatert ...

Tilskot

Tilskotsordningar utgjer om lag 2/3 av statsbudsjettet og er eit utbreidd verkemiddel for å nå mål og oppnå effektiv ressursbruk på ei rekkje område i statsforvaltinga.

Kontaktinformasjon

  • Anne Sofie Teveldal: 901 08 818

Fakta om tilskot i 2016

Det er 346 ulike tilskotsordningar finansiert på postane 70-85 i statsbudsjettet. Om lag 21 prosent av ordningane har fastsett regelverk i form av forskrift.

Tilskot og regelverk

I reglementet for økonomistyring i staten §§ 8, 14, 15 og 16 er det nedfelt overordna føringar for statlege tilskotsordningar og klargjering av rollefordelinga mellom tilskotsgivar, tilskotsforvaltar og tilskotsmottakar.

I føresegnene om økonomistyring i staten kap. 6 blir dei føresegnene som gjeld for etablering, forvalting og oppfølging av tilskotsordningar og for enkeltståande tilskot, omtalte – også evaluering av tilskotsordningar.

Løyvingsreglementet omtaler òg fleire forhold som er viktige for tilskotsordningar i staten.

Kurs, seminar og rådgiving

DFØ skal bidra til å styrkje kompetansen på tilskot. DFØ forvaltar føresegnene i økonomiregelverket, behandlar søknader om unntak frå økonomiregelverket og hjelper til i fortolkingsspørsmål. Vi arrangerer kurs og har rådgiving på området. DFØ-kursa er opne for alle medarbeidarar i statlege verksemder.

Verksemdstilpassa kurs og rådgiving

DFØ tilbyr òg verksemdstilpassa kurs ved behov. Vi deltek gjerne som diskusjonspartnar og rådgivar i ulike spørsmål om fortolking av regelverket og bruk av regelverket på praktiske casar, også i prosessar som gjeld forbetrings- og utviklingsarbeid knytt til statlege tilskotsordningar. Ta kontakt dersom verksemda di ønskjer rådgiving om tilskot.

Nettverk for tilskot

DFØ har etablert eit nettverk for tilskotsforvalting. Formålet er å skape ein arena for lærings- og erfaringsutveksling mellom verksemder og departement som arbeider med tilskot, og å dekkje eit behov som DFØ har registrert blant fleire av dykk som arbeider med tilskot.