Gå til navigasjon Gå til innhold

DFØ har fått nye nettsider. Gå til nye dfo.no

Åpne relatert ...

Lukke relatert ...

Styringsprosessar

Statleg styring med fokus på måloppnåing og effektiv ressursbruk krev gode styringsprosessar for planlegging og budsjettering, gjennomføring, oppfølging og kontroll.

Kontaktinformasjon

Harald Saxegaard: 994 45 807

Styringsprosessane i departement og statlege verksemder startar med å fastsetje mål på ulike nivå basert på vedtak i Stortinget og regjeringa. Deretter er det nødvendig å vurdere risiko, planleggje aktivitetar og fastsetje styringsparametrar og tidsfristar som skal følgjast opp når dei fastsette måla skal realiserast. Budsjetteringa bidreg med å fordele ressursrammer (både økonomiske og menneskelege) til planlagde mål og aktivitetar.

Undervegs og etter gjennomføringa av aktivitetar og oppgåver for å nå fastsette mål er det fokus på resultatmåling og rapportering og analyse av resultatoppnåinga når det gjeld mål, risiko styringsparametrar, aktivitetar, tidsfristar og budsjett. Basert på denne resultatinformasjonen blir det utarbeidd avgjerdsgrunnlag for å justere fastsette mål, planlagde aktivitetar, styringsparametrar, tidsfristar, budsjett, resultatmåling og rapportering ved behov.

Kurs og rettleiingsmateriell

DFØ tilbyr kurs i mål- og resultatstyring og risikostyring som er forankra i høvesvis rettleiing i resultatmåling og metodedokumentet Risikostyring i staten. DFØ tilbyr òg eit kurs i internkontroll som er basert på rettleiingsmateriellet DFØ har gitt ut på dette fagområdet. Rettleiingsmateriellet er presentert her.