Gå til navigasjon Gå til innhold

DFØ har fått nye nettsider. Gå til nye dfo.no

Åpne relatert ...

Lukke relatert ...

Styringsdokument

Styringsdokumenta har ei sentral rolle i utøvinga av styring i staten. Dokumenta er nødvendige for forankring, tildeling og avgjerd, oppfølging og kontroll, formidling og synleggjering av krav og resultat.

Kontaktinformasjon

Harald Saxegaard: 994 45 807

Statsbudsjettet (St.prp. nr. 1) omtaler mål og resultatforventingar for året og resultatrapportering frå førre periode og er det grunnleggjande styringsdokumentet i staten. I statsbudsjettet står mål- og resultatstyring fram som det overordna styringsprinsippet til staten slik fagdepartementa har operasjonalisert det.

Sentrale styringsdokument

Tildelingsbrev og instruks er sentrale styringsdokument for departementa og verksemdene. Tildelingsbrevet inngår i den årlege styringa og tek for seg iverksetjing av budsjettvedtaket til Stortinget, mens instruks for økonomi- og verksemdsstyring omtaler krava departementet stiller til systema, rutinane og styringsprosessane til verksemda.

For å inspirere til vidareutvikling av desse styringsdokumenta i statsforvaltinga og vidare tilpassing til behova til det enkelte departementet har DFØ på oppdrag frå Finansdepartementet utarbeidd ei kommentar- og eksempelsamling om tildelingsbrev og instruks for økonomi- og verksemdsstyring frå departement til verksemd.

Krav om budsjettering, planlegging og rapportering for alle statlege verksemder

Krav om budsjettering, planlegging og rapportering for alle statlege verksemder er nedfelte i reglement for økonomistyring i staten og i føresegnene om økonomistyring i staten. I tillegg er det i løyvingsreglementet §§ 3–9 fastsett overordna prinsipp for utarbeiding av budsjettforslag og rapportering for departement og underliggjande verksemder.

Rapportering

Oppfølging og synleggjering av faglege resultat er ein føresetnad for å utøve god mål- og resultatstyring både i eit etatsstyringsperspektiv og internt i ei verksemd. Det må utarbeidast lett tilgjengelege og relevante rapportar basert på gode rapporteringsrutinar som involverer dei rette medarbeidarane. Les meir om rapporterings- og oppfølgingsprosessane i DFØ-rettleiaren om resultatmåling og meld deg på kursa våre i mål- og resultatstyring og risikostyring der dette er tema.

Rekneskap

Bruk av informasjon frå rekneskap og andre økonomiske data i styringa kompletterer rapportering av oppnådde resultat i statlege verksemder. Les meir om dette på sida om rekneskapsprogrammet i staten og om bruk av nøkkeltal frå rekneskap i DFØ-rettleiaren om periodisert rekneskap i staten. Sjå òg arbeidet vårt med å kartleggje produktivitetsmålingar i statleg sektor.