Gå til navigasjon Gå til innhold

DFØ har fått nye nettsider. Gå til nye dfo.no

Åpne relatert ...

Lukke relatert ...

Resultatmåling og rapportering

God informasjon om eigne resultat er ein føresetnad for å utøve mål- og resultatstyring i staten og for å sikre at statlege midlar blir brukte effektivt i tråd med krava i økonomiregelverket.

Kontaktinformasjon

Resultatmåling er det fremste verktøyet statlege verksemder har for å kunne dokumentere og vise fram resultata i verksemda si. Resultat kan målast på mange forskjellige måtar, både kvantitativt og kvalitativt, og på ulike stader i resultatkjeda.

Vidareutvikling både av målingane og ikkje minst bruken av informasjonen som målingane gir i styringa, har stort potensial i alle statlege verksemder anten det er i eit departement, ein etat eller ei tilskotsordning. DFØ-rettleiaren i resultatmåling gir god oversikt over området.

Bruk av økonomidata i styringa

For at statlege verksemder i større grad skal kunne etterleve krava i økonomireglementet om effektiv ressursbruk, er det viktig at økonomiske data blir brukte i styringa. Mål- og resultatstyring føreset informasjon om ressursbruk eller kostnader for å gi eit bilete av kva resultat verksemdene leverer i forhold til ressursramma si.

På denne bakgrunnen og sett i lys av visjonen til DFØ om effektiv ressursbruk i staten er bruk av økonomiske data i styringa eit viktig fagområde i DFØ. DFØ ønskjer å gjere statlege verksemder betre i stand til å ta i bruk økonomiske data i styringa.

Ein viktig leveranse innanfor dette fagområdet er å bidra til auka bruk av informasjon om produktivitet i styringa av statlege verksemder. For å få eit godt grunnlag for dette arbeidet gjennomførte DFØ hausten 2011 ei kartlegging blant statlege verksemder om bruk av informasjon om produktivitet i styringa og kva produktivitetstiltak verksemdene meiner at dei vil ha nytte av.

Tiltaket som scora høgast i kartlegginga, var «Gode døme på praktisk bruk». DFØ ønskjer derfor å utarbeide slike døme. I februar 2013 blei det publisert eit døme på korleis Utlendingsdirektoratet (UDI) arbeider med å måle produktivitet og bruke denne informasjonen i styringa (PDF). Det er òg utarbeidd rettleiingsstoff om kostnadskalkylar og produktivitet i tilknyting til dette dømet. Neste døme er ein dokumentasjon av arbeidet til Statens innkrevjingssentral knytt til produktivitet (PDF). Det blir arbeidd vidare med fleire slike døme.

Krav om budsjettering, planlegging og rapportering for alle statlege verksemder

Krav om budsjettering, planlegging og rapportering for alle statlege verksemder er nedfelte i reglement for økonomistyring i staten og i føresegnene om økonomistyring i staten. I tillegg er det i løyvingsreglementet §§ 3–9 fastsett overordna prinsipp for utarbeiding av budsjettforslag og rapportering for departement og underliggjande verksemder.

DFØ arbeider for å styrkje kompetansen innanfor økonomistyring blant medarbeidarar i staten innanfor budsjettering og rekneskap. Det er særleg aktuelt etter at det reviderte økonomireglementet kom på plass i 2003, sidan statlege verksemder har fått meir fridom i økonomi- og verksemdsstyringa for å tilpasse til eigenarten, risikoen og relevansen til verksemda.

Rapportering

Oppfølging og synleggjering av faglege resultat er ein føresetnad for å utøve god mål- og resultatstyring både i eit etatsstyringsperspektiv og internt i ei verksemd. Det må utarbeidast lett tilgjengelege og relevante rapportar basert på gode rapporteringsrutinar som involverer dei rette medarbeidarane. Les meir om rapporterings- og oppfølgingsprosessane i rettleiingen vår om resultatmåling og meld deg på kursa våre i mål- og resultatstyring og risikostyring der dette er tema.

Rekneskap

Bruk av informasjon frå rekneskap og andre økonomiske data i styringa kompletterer rapportering av oppnådde resultat i statlege verksemder. Les meir om dette på sida til rekneskapsprogrammet i staten og om bruk av nøkkeltal frå rekneskap i rettleiaren Bruk av periodisert rekneskap og nøkkeltal i styringa i staten (PDF).