Gå til navigasjon Gå til innhold

DFØ har fått nye nettsider. Gå til nye dfo.no

Åpne relatert ...

Lukke relatert ...

Betalingsformidling og konsernkonto

Betalingsformidlinga i statlege verksemder (ut- og innbetalingar og kontohald) skal skje gjennom statens konsernkontoordning. Det sikrar at alle statlege midlar dagleg blir samla i Noregs Bank.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om innhald og forståing av rammeavtalane som er gjorde, og om oppretting og avvikling av oppgjerskontoar, skal rettast til Seksjon for regelverk og konsernsystem:

 

Du kan også kontakte oss på telefon:

  • Sentralbord: 400 07 997
  • Erik Cameron: 932 42 863
  • Tone Karen Haugland: 932 42 762
  • Ketil Nagel Eger: 932 42 706

Postadresse:
Direktoratet for økonomistyring
Seksjon for regelverk og konsernsystem
Pb 7154 St. Olavs plass
0130 Oslo

 

DFØ kan òg gi rettleiing om bruk av rammeavtalane. Vi kan vidare gi rettleiing ved andre spørsmål om betalingsformidling i staten. Det gjeld mellom anna forståing av føresegnene i regelverket om økonomistyring i staten og tilhøyrande rundskriv.

Statens konsernkontoordning gjeld for departementa og dei underliggjande verksemdene og skal dekkje det statlege behovet for betalingstenester og likviditetsforvalting. Dei overordna føresegnene til betalingsformidlinga går fram av føresegner om økonomistyring i staten, jf. pkt. 3.7.

Rammeavtalar

Statens konsernkontoordning er basert på at Finansdepartementet på vegne av staten har gjort høvesvis ein avtale om eit konsernkontosystem i Noregs Bank og rammeavtalar med enkelte bankar om betalingstenester og kontohald. Verksemdene knyter seg til konsernkontoordninga ved å opprette oppgjerskontoar i Noregs Bank via eige departement og gjere avrop (bestilling) på ein eller fleire av avtalane som er gjorde med bankar.

Direktoratet for økonomistyring (DFØ) har mellom anna ansvar for:

  • å inngå rammeavtalane med bankane og forvalte dei overfor statlege verksemder
  • å gi melding til Noregs Bank om å opprette og avvikle oppgjerskontoar for verksemder i statens konsernkontosystem i banken
  • å gi Finansdepartementet råd om etablering av nye betalingsformidlingstenester

Statlege verksemder kontaktar DFØ i spørsmål om rammeavtalane og oppgjerskontoane.

Ikkje-statlege midlar

Innanfor enkelte område forvaltar statlege verksemder midlar som ikkje skal inngå i konsernkontoordninga. Det gjeld til dømes ikkje-statlege midlar som beslaglagde midlar og midlar som tilhøyrer klientar, pasientar, innsette o.a.

Verksemdene kan for midlar som ikkje skal inngå i konsernkontoordninga, gjere ein eigen avtale med ein av bankane som staten har rammeavtale med, eller med ein annan bank. Vi viser elles til pkt. 3.6.5 i føresegnene om økonomistyring i staten.